Trønderlaget

Turid Kjendlie er ny leiar i Trønderlaget

Årsmøtet vart halde 14. mars på Mangfoldshuset i Trondheim.

Årsmeldinga vitna om eit aktivt år, der både nynorske inspirasjonsdagar på Levanger og i Trondheim fekk god oppslutnad og Jul i Trøndelag hadde gode salstal over heile fylket.

Espen Tørset takka for seg som leiar, og Turid Kjendlie gjekk på som ny leiar etter å ha vore tre år i styret. Elles kom Cecilie B. Rausand og Jakob Bjerkem inn som nye i styret.

Av viktige saker elles vart det vedteke ei stor satsing framover, ved at laget skal opprette ei deltidsstilling med ansvar for å skape aktivitet og hjelpe lokallag.

Referatet frå årsmøtet finn du her.


Jul i Trøndelag 2025 er i sal!

Vi feirar 90 år med eit ekstra tjukt nummer. Les meir her.

Årsmøtet i Trønderlaget 2025

Årsmøtet i Trønderlaget vart halde i Børsa i Skaun 29. mars med god deltaking frå heile fylket. Espen Tørset vart attvald som leiar, medan Turid Kjendlie heldt fram i styret. Øystein L. I. Viken og Lars Erik Havdal er nye i styret, medan Vidar Lund, Ola Haugen Havrevoll og Ellinor Bergli Bustad ikkje stod på val. Vi takkar for innsatsen til Annbjørg Grevskott og Jakob Bjerkem som gjekk ut av styret etter mange år. Du kan lesa årsmelding, arbeidsprogram og referat frå årsmøtet her: