2024-utgåva inneheld eit variert utval av tekstar frå heile Trøndelag. Her er det både stoff om jula, dikt, historisk materiale og tekstar frå trøndersk folkeliv. Heftet kan tingast frå oss eller i vanleg bokhandel.

Vi held fram med nye sider av teikneserien Bestis av Kenneth Larsen (Trondheim), om dei to lett nevrotiske bestevenene Kenneth og Marthe frå Trondheim.
I år er det fleire jubileum som er verdt å markere! Det er 50 år sidan Vømmøl Spellmannslag gav ut fyrste LP, 100 år sidan Kristoffer Uppdal gav ut fyrste bok av Dansen gjennom Skuggeheimen og 125 år sidan Trønderlaget vart skipa! Alt dette blir markert i årets utgåve.
Nokre av forfattarane frå fylket stiller òg. Dordi Strøm (Hitra), Kari Stai (Inderøy), og Per Helge Genberg (Lierne/Levanger) har nyskrive tekstar for dette heftet. Brageprisvinnar Erlend Skjetne (Melhus) har òg dikt på trykk i heftet.
Andre vi finn i heftet er Ragnhild Jepsen, Kari Anne Bye, Ingrid Storholmen, Inger Johanne Sæterbakk, Johan Dragvoll – og endå fleire! Jon Fredrik Skauge debuterer i årets hefte.
Espen Tørset (Orkland) er redaktør for heftet. Framsida er teikna av Ellinor Bergli Bustad (Skaun).
Prisen i 2024 er på 149 kr inkludert porto. Dersom du kjøper 5 eller fleire (for vidaresal eller berre som gåver) får du 30 % rabatt, dvs. 104 kr per stk.
Fyll ut dette skjemaet så snøgt som råd: https://forms.office.com/e/MRguieFeZS
Utgivar: Trønderlaget, c/o Espen Tørset, Blåsmovegen 170, 7320 Fannrem.
Salskontakt: Vidar Lund, Sjøgata 32 A, 7600 Levanger, tlf. 40211624
E-post: julitrondelag@tronderlaget.onmicrosoft.com
Nettside: www.tronderlaget.org
Leave a Reply