
Jul i Trøndelag kjem i slutten av oktober med mykje godt lesestoff i ei lekker innpakking. Med eit opplag på 2800 eksemplar er det eit av dei største litterære julehefta i Noreg, og har kome ut sidan 1935!
Du får kjøpt bladet for berre kr 179,- hos ditt lokale mållag i Trøndelag eller hos bokhandlane Ark og Norli.
Du kan òg tinge direkte frå oss: då kan du tinge her. Dersom du tingar 5 eller fleire får du rabatt dersom du vil tene nokre kroner og selje vidare.
Olav Duun feirar 150-årsjubileum i 2026, og fleire av tekstane handlar om ein av dei største forfattarane frå Trøndelag.
Kari Stai har skrive og illustrert den vakre teksten «Kjærleiksdropar».
Kenneth Larsen, som i år har laga den friske framsida til bladet, er klar med nye, originale striper med Bestis.
Inge Haukvik fortel historia bak Julekveldsvisa og Musevisa, som begge feirar jubileum i år.
Erlend Skjetne er her med fine, nyskrivne dikt frå årets diktsamling «Råemne», og Kari Anne Bye har med eit dikt om dompapen.
Lars Moa held fram arbeidet med å gjera oss kjende med færøysk samtidslitteratur, denne gong med eit utdrag frå «Brahmadellane» av Jóanes Nielsen.
Marta Lillian Moan gav ut boka «Heltane frå Leksvik – i skuggen av Hitlers Drontheim» i 2026, eit manus ho fekk av faren Jon Moan. Her er eit lite utdrag om eit oppdrag som grenselosar for jødiske flyktningar i 1942.
Espen Tørset har intervjua forfattar Torvald Sund, ein av dei store nolevande trønderske forfattarane med ein stor produksjon for både ungar, ungdomar og vaksne – og dei siste åra særleg med dramatikk.
Andre bidragsytarar:
Jon Fredrik Skauge, Ingrid Storholmen, Jakob Bjerkem, Inge Eidsvåg og mange fleire!